Kunstig intelligens (KI) har for alvor gjort sitt inntog i norske hushald. I aldersgruppa 16-74 år seier 61 prosent av menn, og 53 prosent av kvinner, at dei har nytta KI-verktøy[1] i løpet av dei siste tre månadane (SSB 2026a). Desse verktøya vert nytta til alt frå å organisera bestemor sin kommande 80-årsdag, hente inspirasjon til oppussingsprosjekt, til å få hjelp med lekser og studiar.
KI har også tredd inn i det norske arbeidslivet dei siste par åra. Bruk av KI-teknologi har omtrent tredobla[2] seg i næringslivet frå 2023 til 2025 (SSB 2026b). Teknologiselskapa har dermed endeleg fått innpass på arbeidsplassane våre – ei sfære som dei tidlegare ikkje hadde like solid informasjon om.
Forbetra informasjonshausting
Via sosiale media (f.eks. TikTok, Instagram, Snapchat, Facebook, etc.) har Big Tech i lang tid hatt stålkontroll på våre fritidsinteresser, kulturelle preferansar, og kva kjendisar, eller rettare sagt influensarar (sic), sitt innhald me er spesielt svake for. Men no kan teknologiselskapa også få tak i detaljerte data om kva me gjer på jobb, og kanskje særleg [3] blant dei som arbeidar på kontor med produksjon av tekst og tal.
Teknologiselskapa samlar inn enorme mengder data om oss, innan fleire ulike livsdomene (jobb, familieliv, fritid, helsetilstand, osb.), døgnet rundt, heile året. Denne millimeterpresise informasjonen vert hausta kontinuerleg og selt vidare til høgstbydande firma slik at dei kan tilby enda meir skreddarsydde varer og tenester til konsumentane sine. Og Big Tech-toppleiinga kan tannflira høgt og hjarteleg til næraste skatteparadis med eit kvalmande stort overskot.
Den såkalla "AI-revolusjonen" er berre ei forlenging og vidareutvikling av ein ekstremt velfungerande eksisterande business-strategi.
Forgjeves venting
Businessmodellen er genial, og det er beint fram imponerande at denne gjengen med super-nørds i Silicon Valley har fått rulle dette informasjons-vidaresal-maskineriet ut i verda, praktisk talt utan noko som helst motstand frå offentlege myndigheiter. Nei, tvert imot: Land og kommunar nærast slåst om å få jamna ned kvadratkilometervis med grøne, unike økosystem for å få lov til å byggje datasenter, slik at me kan fortsetja med å laga artige KI-genererte kattavideoar, søte gratulasjonskort og mange andre totalt ubrukelege EDB-tidsfordriv som krev massive mengder straum og vatn. Dersom våre forfedre og -mødre – bønder og fiskarar som måtte arbeida seg halvt helselause for brødfø sine born – kunne vore vitne til dette, ville dei skamma seg uendeleg djupt.
Datasentra må byggjast, vert me fortalt, slik at KI-verktøya våre kan bli meir presise, meir transparente, og kanskje til og med meir kreative. Men alle dei som ventar på denne markante forbetringa, ventar nok forgjeves. At desse verktøya berre fungerer sånn passe, er faktisk i teknologiselskapa si interesse. Dersom dei første forslaga til svar ikkje treff heilt på bestillinga, sender brukarane stadig meir og meir informasjon, i eit håp om at akkurat neste «prompt» skal føre til eit vesentleg betre svar. Informasjonen som brukarane raust deler i løpet av dialogen med KI-verktøya, vert sanka som nøtter av det aller flittigaste ekorn.
Forlenging av suksessoppskrift
Med andre ord: Det er ikkje noko særleg å hente for Big Tech i å utvikla betre KI-verktøy – det er ikkje her det er pengar å tene. Den såkalla «AI-revolusjonen» er berre ei forlenging og vidareutvikling av ein ekstremt velfungerande eksisterande business-strategi. Og til fleire personar, bedrifter og offentlege føretak som implementerer KI-verktøy i sin daglege drift, til meir kan Big Tech konsolidera si informasjonsmakt. Denne makta kan nyttast både til å skvise kvar siste krone ut av potensielle konsumentar, samt til å stikke kjeppar i hjula for konkurrerande gründerar. Det er også enkelt å sjå for seg langt meir skadelege og alvorlege konsekvensar for samfunnsutviklinga – her er det berre den dystopiske fantasien som set grenser.
Løysinga på desse problema er ved første augekast enkel: det er jo berre til å slutte å bruke KI-verktøy (samt kople seg av sosiale media). Men også her har Silicon Valley vist sin (kyniske) genialitet. Etter årevis med praksisnær forsking på mangfaldige millionar av datapunkt (også kjent som «folk»), veit dei nøyaktig kva triks og mekanismar som skal til for å gjere oss avhengige av produkta, verktøya og plattformene deira. Dette er sjølve definisjonen på feige lag. På den eine banehalvdelen: Avhengighetsskapande algoritmar som har blitt tilpassa, finslipt og møysommeleg forbetra etter årevis med datainnsamling, utvikling, implementering og testing i sanntid. På den andre halvdelen: Kvar enkeltkonsument si viljestyrke og jerndisiplin.
For rik for regulering
Nei, det finst nok berre eit botemiddel: Statleg (og aller helst: overnasjonal) regulering, og streng handheving med heftige bøter. Og desse bøtene kan godt skrivast med gaffel. Det er tross alt snakk om nullskatteytande selskap det her, så ein får jo ikkje sett noko til overskotet deira elles (sjølv om Big Tech openbart nyttar seg grovt av både offentleg utbygd infrastruktur, og tilset folk utdanna ved lærestader som er (del-)finansiert over skattesetelen).
Men desse teknologiselskapa kjem sannsynlegvis til å få herje på akkurat slik dei sjølv vil så lenge det er (stor-)kapital å oppdrive – og enn så lenge druknar dei i dollars. Det er omtrent 20 år sidan sosiale media (særleg Facebook) begynte å bli populært globalt. Tilbake i 2006 var berre eit teknologiselskap (Microsoft) inne på topp 10-lista[4] med høgast marknadsverdi, ifølgje Forbes. I dag er heile 8 teknologiselskap[5] inne på den same topp 10-lista – alle med ein marknadsverdi på over 10 000 milliardar norske kroner. Våre ryggradslause politikarar vil nok fortsetja med å snu kappen etter aksjemarknads-vinden, og gje OpenAI (Chat GPT), Anthropic (Claude), Alphabet/Google (Gemini), Microsoft (CoPilot), etc. fullstendig fritt spelerom heilt fram til neste teknologiske nyvinning vert rulla ut og begynner å tiltrekke seg kapital.
For lite, for seint
Det har vore innlysande i lang tid at algoritme-driven marknadsføring, med skreddarsydd og spesialtilpassa innhald, kan vera direkte skadeleg. Personar med mentale helseproblem kan til dømes bli teppebomba med videoar og innhald som bygger opp under og forverrar ein allereie kritisk situasjon. På tross av denne veletablerte kunnskapen, er det først dei siste par åra at det har kome nokre små, spreidde forsøk på å regulere sosiale media-bruk, og då «berre» blant born og unge[6] (sjølv om mange [godt] vaksne definitivt også kunne ha godt av eit slikt vern). Det er på grensa til parodisk at denne reguleringa først vart introdusert etter at mange unge allereie var i ferd med å kopla seg av sosiale media. Både her til lands og i mange andre land har tidsbruken gått markant ned sidan toppåret 2022[7], og den nedgåande trenden er mest synleg blant dei unge.
Kor lang tid det vil ta før unge på ny banar veg og sluttar med KI-verktøy, det gjenstår å sjå. Per nå kan me berre konstatera at Silicon Valley har oss alle i eit stadig strammare kollektivt kvelartak.
Fotnoter
[1] ChatGPT, Bing Chat (CoPilot), Bard (Gemini), LLaMA (MetaAI), Midjourney, og DALL-E vart nytta som eksempel i spørsmålsformuleringa.
[2] Blant alle næringar er det ei auke frå 9 til 30 prosent som brukar ein eller fleire KI-teknologiar (SSB 2026b). Bruken er størst innan næringa informasjon og kommunikasjon (opp frå 32 % i 2023 til 80 % i 2025).
[3] KI-verktøy vert også nytta ganske hyppig innan meir manuelle yrker. For eksempel, i næringa transport og lagring brukar 21 prosent ein eller fleire KI teknologiar i 2025 (SSB 2026b).
[4] 1. Bank of America Corp. 2. UBS Group 3. Exxon Mobile Corp. 4. Microsoft 5. HSBC 6. GE Aerospace 7. Berkshire Hathaway Inc. 8. Johnson & Johnson 9. The Procter & Gamble Company 10. Toyota Motor Corp.
[5] Nvidia, Apple, Alphabet, Microsoft, Amazon, Broadcom, Meta og Tesla. SpaceX (nr. 6) og Eli Lily (nr. 10) er dei einaste unntaka.
[6] Både Australia og Storbritannia har forbode bruk av sosiale media for born under 16 år. Regjeringa prøver no å innføra eit liknande forbod her til lands.
[7] Det er neppe tilfeldig at «AI-revolusjonen» starta omtrent nøyaktig på same tid som #some-bruken begynte å dala. Ulike typar maskinlæring og kunstig intelligens har vore tilgjengeleg lenge, men teknologiselskapa trykka først ordentleg på gasspedalen når inntektene deira vart trua av fallande sosiale medie-bruk, og dermed mindre potensial for informasjons-vidaresal.
Referansar
SSB (2026a) Tabell 14365: Bruk av kunstig intelligens (KI) de tre siste månedene (prosent), etter alder, år og kjønn. Oslo: Statistisk Sentralbyrå.
SSB (2026b) Tabell 13265: Bruk av kunstig intelligens-teknologi (prosent), etter næring (SN2007), år og sysselsette. Oslo: Statistisk Sentralbyrå.