Den sosiologiske offentlighet

Ein ruvande sosiolog og filosof

Ånda hans lever vidare i kvar kritiske samtale, og gjennom sitt omfattande arbeid gav han oss verktøy til å forstå og styrkja det demokratiske ordskiftet, skriver Atle Møen.

Jürgen Habermas døydde 14. mars. Han var fødd i den vesle byen Gummersbach 18. juni 1929, så han vart nesten 97 år gamal. Mora hans hadde ein bakgrunn frå småborgarskapet og faren var offentleg tenestemann og han hadde også ei akademisk utdanning som Doktor der Wirtschaftlichen Staatswissenschaft [Doctor of economic state science] (Müller-Doohm, s. 12).  Faren Ernst vart medlem i NSPD (og tala seinare aldri om dette), og Habermas vart sjølv med i Hitler-Jugend, men han var litt for ung til å bli aktiv soldat, rett nok var han med i teneste bak fronten (fronthelfer). Den historiske erfaringa av Nazismen, krigen og innsikta om Holocaust skaka Habermas djupt, og denne traumatiske katastrofen danna ein understraum i heile forfattarskapet. Han hadde «nåden av å vera fødd for seint» til å kunna bli stilt ansvarleg for det nasjonalsosialistiske barbariet, men like fullt gjekk skuldspørsmålet som ein rød tråd gjennom hans virke som offentleg intellektuell og profesjonell sosiolog og filosof.

Han har vore med meg i heile mitt akademiske liv, heilt frå 1983, då eg som 22 år gamal sosiologi og filosofi student las «Borgerlig offentlighet» (1962).  Eg kan ikkje skryta av å ha møtt han eller samtala med han, men eg høyrte han føreleste 2 gonger, første gong i byrjinga av 80-åra i eit stappfullt auditorium på Studentsenteret ved Universitetet i Bergen, andre gongen var 2005, då han vart tildelt Holbergsprisen. Eg har ofte sitert Habermas, og eg har også ein akademisk publikasjon der eg les Habermas gjennom ein synsvinkel frå Emil Durkheim (Møen, 2018), og eg har skrive om Habermas og Freud (Møen, 2020). Eg trur eg har halde meir enn 20 introduksjonsførelesingar om Habermas, så eg har i alle fall ein lektoral kompetanse når det gjeld Habermas.

Eg kjenner no på ei åndeleg sorg, og ei vemodig innsikt om at tida for slike geniale samfunnsteoretiske prosjekt er over, kanskje for alltid. Det finst neppe ein arvtakar etter Habermas. Etter mi meining ruver Habermas høgt i det sosiologiske landskapet, i saman med andre toppar som Bourdieu, Weber, Durkheim, G. H. Mead, og Marx.

Eg vågar påstanden om at alle sosiologar kjenner til Habermas, men eg må seia at eg ofte har vore overraska over kor overflatisk og feilaktig denne kunnskapen stundom er.

Eg kjenner på ei sorg over det veldige tapet over å missa eit tidsvitne med eit uhorveleg skarpt blikk på – og ein original analyse over dei viktigaste hendingane i det 20. hundreåret, slik som den økonomiske krisa i 1929, den skrøpelege Weimar republikken i mellomkrigstida, stalinismen i Russland og nazimobiliseringa i Tyskland, 2. Verdskrigen, Holocaust, oppbygginga av Europa frå ruinane etter krigen, FN og utviklinga av den internasjonale rettsordenen, den kalde krigen og atomkrigstrugsmålet, Tysklands vest vending i takt med EU-prosjektet, kapitalismen sin gylte tid, studentopprøret, velferdsstaten som kompromiss, stagflasjonen på 70 talet, nye konservative styre i USA og Europa på 80- talet, globalisering og dei nye krigane på 90- talet, humanitær intervensjon og menneskerettar, den aukande sosiale ulikskapen, framveksten av den radikale høgresida og no siste refleksjon over digitaliseringa og den nye offentlege sfære innanfor sosiale medium (Habermas, 2022).  Dette og mykje anna danna materiale for Habermas sitt virke som offentleg intellektuell og genial filosof og sosiolog.  

Habermas' grunnleggjande sosiologiske innsikt

Eg vågar påstanden om at alle sosiologar kjenner til Habermas, men eg må seia at eg ofte har vore overraska over kor overflatisk og feilaktig denne kunnskapen stundom er. Eg vil difor prøva å oppsummera den grunnleggjande sosiologiske innsikta frå Habermas, slik denne kjem fram i dei to hovudverka  Theorie des kommunikativen Handelns (1981) og Faktizität und Geltung (1992).

Då er det mest oversikteleg å starta med omgrepa om livsverda og system som to komplementære og likeverdige aspekt ved det komplekse og moderne samfunnet. Innanfor livsverda skjer det ein grunnleggjande symbolsk reproduksjon gjennom kommunikative handlingar eller bruk av språkleg kommunikasjon, der det vert forsøkt å oppnå forståing og konsensus. Dersom denne symbolske skapinga og igjen skapinga av samfunnet stoggar opp, døyr vitaliteten i livsverda og samfunnet blir utarma og sjukt. Det vert ei form for «indre nød».

Analytisk sett er det tre prosessar innanfor livsverda som skaper avgjerande vitalitet og kreativitet. Den første er at utviklinga og modninga av kvar einskild berre kan skje gjennom språkleg kommunikasjon og innanfor intersubjektive fellesskap. Her bruker Habermas innsikter frå mellom andre G. H. Mead. Eit barn kan koma utav den egosentriske barndommen ved å læra seg å ta andre sine perspektiv og å sjå seg sjølv frå utsida. Dette skaper to fundamentale kompetansar eller dugleikar; for det første dette å sjå ei sak frå ulike perspektiv, og for det andre evna til å regulera eigne handlingar gjennom andre sine blikk og perspektiv.  Dette er også avgjerande for å skapa myndige og demokratiske medborgarar.

Den andre symbolske skapinga innanfor livsverda skjer gjennom danning av fellesskap, intersubjektivitet og solidaritet med kvarandre, både som venner, kjærastar, naboar, arbeidskameratar, og medlemmar i friviljuge organisasjonar, nasjonale fellesskap, meir kosmopolitiske fellesskap, og ikkje minst det politiske fellesskapet som statsborgarar.  Alle slike fellesskap og alle former for solidaritet kan berre skapast gjennom språkleg formidla samtale, kritikk, diskusjon og kommunikasjon.

Den tredje symbolske reproduksjonen eller kreativiteten innanfor livsverda skjer gjennom danning av kultur, meining, levande tradisjonar, og skapande forteljingar, både om den einskilde sin identitet og identiteten til alle fellesskapa som oppstår innanfor livsverda, og ikkje minst danning av felles verdiar, som kan inkludera mangfaldet av konkurrerande verdiar i eit pluralistisk samfunn. Det er mange som har kritisert Habermas nettopp for dette at han ser bort i frå at samfunnet er eit fleirkulturelt samfunn; dette er heilt opplagt ein av mange tullete innvendingar mot Habermas.

Han deler her synspunkt med Hannah Arendt om at den menneskelege pluraliteten er ein del av vårt antropologiske vesen, og i denne eigenskapen at vi er ulike og har ulike meiningar, taler og viser vi til kvarandre i det offentlege våre handlingar, meiningar, og verdiar. Ut av dette mangfaldet av verdiar er det like fullt mogleg å finna noko som er felles for alle, til dømes at det er betre å tala sant enn å lyga, det er betre å anerkjenna kvarandre enn å audmjuka og latterleggjera kvarandre, våre kroppar er ukrenkelege, og det er betre med ei open strykande hand enn eit knytt hand som slår. Vi har ein grunnleggjande verdigheit som berre kan visa seg gjennom språkleg kommunikasjon, dette at vi talar med kvarandre gjennom felles respekt og med følelse for kvarandre sine sårbare liv.

Då er det nødvendig å skriva litt meir om Habermas sin grunnleggjande intuisjon, noko han hentar støtte frå både hjå den amerikanske pragmatismen og ikkje minst hjå den analytiske språkfilosofen Austins omgrep om talehandlingar; det finst ein innebygd rasjonalitet og eit fornuftspotensial ved vår pragmatiske bruk av språket. I mylderet av alle filosofiske og sosiologiske idear og tanketradisjonar som Habermas dreg veksel på, er det den amerikanske pragmatismen til  John Dewey, Charles Sanders Peirce og G. H. Mead som gjennomlyser heile verket hans etter 1970- åra. Dette gjev impulsar til den lingvistiske vendinga i forfattarskapet som opnar opp for det han kallar ein formal pragmatisk analyse av dei kompetansane vi nyttar kvar gong vi talar og handlar i lag, for å oppnå felles forståing og konsensus.

Habermas har lært oss noko om korleis vi skal forstå djupna i desse krisene.

Dersom eg seier «kan du opna vindauget» framfører eg ei talehandling som implisitt stiller tre ulike krav om gyldigheit: For det første er det eit innebygd krav om sanning om at det finst eit vindauga i den objektive verda, for det andre er det eit innebygd krav om normativ rettferd som hevdar at eg har rett til å be deg om dette i høve til vår felles sosiale verden, for det tredje er det eit innebygd krav om å væra ærleg, truverdig, autentisk og sannferdig i høve til den subjektive verda.  

Denne og andre talehandlingar kan utløysa ein respons hjå mottakarane gjennom enten å godta eller avvisa krava om gyldigheit. Eg kan svara Ja eller nei på krava om gyldigheit. «Ja» det finst eit vindauga, «nei» eg er ikkje din tenar, «nei», dette seier du berre for å stilla meg i dårleg lys og narra meg framføre andre. Dersom vi svarar «ja» på krava om gyldigheit etablerer vi ein relasjon mellom talar og tilhøyrar gjennom ein språkleg formidla konsensus. Dette er den implisitte grammatikken i den kommunikative handlinga, og dersom vi ikkje oppnår konsensus kan vi gå over i eit høgare gir, nemleg argumentasjon eller kommunikativ rasjonalitet. Det å kunna argumentera for ei sak er ein sosial dugleik, noko som berre er mogleg innanfor intersubjektive fellesskap, slike som offentlege sfærar, kollegafellesskapet, parlamentet og forskarfellesskapet.

Vi har altså denne arts spesifikke kompetansen til å oppnå konsensus gjennom pragmatisk bruk av språket. Dette er alltid eit alternativ til løgn, lureri, forføring, propaganda, konspirasjonsteoriar, og bruk av valdsmakt. Det er mange som har hevda at Habermas ser på samfunnet som eit gigantisk universitetsseminar, men dette er neppe ei relevant innvending. Å etablera konsensus er eit alternativ til vald og løgn, og den kommunikative handlinga og den språklege formidla konsensus vert gjort bruk av i den symbolske  reproduksjonen av livsverda, når det gjeld danning av kultur og meining, etablering av solidaritet og danning av myndige, sjølvstendige og ansvarlege menneske.

Men samfunnet vert ikkje berre skapt gjennom symbolsk handling og den kommunikative handlinga, eit samfunn treng også effektive system, både når det gjeld politisk kontroll og økonomisk produksjon og bytte på marknaden. Utan effektive system vert det «ytre nød», slik som manglande politisk styring, korrupsjon, fattigdom og kritiske manglar av mat og andre livs nødvendige gode. Samfunnet er eit kompleks system, som nettopp ikkje kan styrast gjennom ein heilskapleg demokratisk vilje – og meining. Det finst ikkje utvegar for å danna eit historisk subjekt eller ei demokratisk sosial rørsle som kan laga eit prosjekt for samfunnsutviklinga. Vi må gje opp alle visjonar om holistisk styring av samfunnet, men likevel er det avgjerande for å realisera opplysninga som eit ufullenda prosjekt å ha ei levande offentleg sfære og ein demokratisk legitim og effektiv politikk.

I denne samanhengen må vi forstå den andre grunnleggjande intuisjonen til  Habermas, som går som ein rød trå gjennom heile forfattarskapet frå den Borgerlige offentlighet  (1962) fram til noko av det siste han skreiv i Ein neuer Strukturwandel der Öffentlichkeit und die deliberative Politik (2022). Habermas var både oppteken av å forstå den offentlege livsverda eller den offentlege sfære, og av å ropa eit varsko mot alle revolusjonære draumar om å styra komplekse system. Dette vil seia at han ville gjera oss merksame på grensene for politisk styring av komplekse system.

Den offentlege sfære er ikkje eit system, institusjon, eller ein organisasjon, men eit nettverk av samtalar, diskusjonar og kommunikasjonar. Dette er samfunnet sin klangbotn og varslingssystem. Den offentlege sfære er sensitiv og tematiserer problem som kan handterast i det politiske system. Systematiske manglar vert erfart gjennom individuelle livshistorier, og i privatlivet finst det eit eksistensielt språk som nettopp kan tematisera samfunnsproblem gjennom spesielle livserfaringar. Det kan forståast gjennom C. Wrigth Mills sin analyse av tilhøvet mellom  «Private problem og offentlege tema». Den offentlege sfære er klangbotnen for eit rådslagande demokrati, som dannar offentlege meiningar som kan påverka eller bli omsett til politisk makt gjennom lovgjeving i parlamentet.

Dersom den offentlege sfære vert borte eller vert svekka oppstår det ei mengde med vanskar som den utarma liberal demokratisk kulturen. Det kan oppstå radikale polariseringar av den offentlege kulturen, der politiske motstandarar vert omdanna til fiendar som har fundamentalt ulike verdsyn og perspektiv. Politikken vert basert på løgn og propaganda, og det vert ein framvekst av ekstreme sosiale rørsler, slike som dagens MAGA i USA og høgrepopulismen i Europa. Det opnar opp for at demagogar kan bli valde til president og regjeringssjefar. Dersom det hadde vore ei vital offentleg sfære i USA, hadde mest truleg ikkje Donald Trump blitt valt til amerikansk president.

 

Habermas i krisetid

Vi talar alle om krise no om dagen, og kompleks moderne samfunn med ekspansiv teknologi og ein kapitalistisk økonomi har ein akselerande endringstakt, som svært ofte fører til alvorlege kriser. Habermas har lært oss noko om korleis vi skal forstå djupna i desse krisene. Vi brukar opp ikkje fornybare ressursar, noko som er eit brennbart tema i høve til øydelegging av natur, og miljø – og klimakrisa. Naturen toler ikkje det veldige forbruket av energi, spesielt fossilt brensel som er nødvendig for å halda ved like dei komplekse systema.

Men i følgje Habermas bruker vi ikkje berre opp ikkje fornybare naturressursar, minst like alvorleg er det at vi forbrukar ressursar innanfor livsverda,  noko som fører til at kulturen, identiteten og meininga vert utarma og kommersialisert,  dei moderne fellesskapa og solidariteten vert svekt (og erstatta av fundamentalisme, etnisk rasisme, hat mot fiendar, ulike fobiar og høgreradikale fellesskap), og vi får ein mengde med menneske med skrøpelege ego med narsisstiske og depressive personlegdommar. Det trengst gode samtalar, oppbyggjande kommunikasjon og trygge intersubjektive fellesskap, for å skapa modne, myndige, og ansvarlege menneske. Vi kan ikkje søkja danning gjennom å lytta til influensarar og kommunisera gjennom digitale sosiale medium.

Det oppstår vidare ei svært alvorleg krise dersom den offentlege livsverda eller den offentlege sfære vert utarma og døyr bort. Den opne samtalen, den myldrande rådslaginga innanfor dei friviljuge organisasjonane, dei mange diskusjonane innanfor eit mangfald av offentlege sfærar, og dei mange kritiske blikka, er avgjerande vilkår for eit demokratisk politisk samfunn.  Eit politisk samfunn utan redaktørstyrte medium, kritiske og opna diskusjonar, ein reell og omfattande ytringsfridom, skadar livsnerven og tek bort den demokratiske pusten, slik at den demokratiske vilje – meiningsdanninga vert kvelt.

Habermas sin bortgang er eit stort tap for filosofien og sosiologien, og vi kjem til å sakna hans refleksjonar over dagsaktuelle hendingar. Men han etterlet eit imponerande livsverk som vi kan læra av i mange år framover. Vi kan på denne måten øva opp den kritiske sansen og verta diskuterande medborgarar, når vi møtest kvarandre og talar og handlar andsynes kvarandre i offentlege samanhengar. Denne ånda lever vidare kvar gong vi samtalar med kvarandre, lyttar til kvarandre og anerkjenner kvarandre. Dessutan kan vi lesa og streva oss gjennom dei 1800 sidene frå Habermas sitt aller siste hovudverk frå 2019, Also a History of Philosophie.

Litteratur

Habermas, J., Høibraaten, H., Schwabe-Hansen, E., & Øien, J. (2002). Borgerlig offentlighet: dens fremvekst og forfall : henimot en teori om det borgerlige samfunn (3. utg.). Gyldendal. https://contents.bibs.aws.unit.no/content/?isbn=9788205302839

Habermas, J. (1984). The Theory of Communicative Action. Boston: Beacon Press.

Habermas, J. (1996). Between Facts and Norms: Contributions to a Discourse Theory of Law and Democracy. MIT Press. (Original German: Faktizität und Geltung, 1992).

Habermas, J., & Cronin, C. P. (2024). A new structural transformation of the public sphere and deliberative politics. Polity Press. https://contents.bibs.aws.unit.no/content/?isbn=9781509558940

Møen, A. (2019). Democracy and public communication: A Durkheimian lens on Habermas. Acta Sociologica, 62(1), 20-33.

Møen, A. (2020). Sigmund Freuds samfunnsteori. Scandinavian Academic Press

Müller-Doohm, Stefan. Habermas: A Biography (2016). Polity Press. Kindle Edition.

Del på Twitter
Del på Facebook
Del på LinkedIn
Del på E-post
Print

Les mer

Søk